Prosjektperiode: Uviss – søknad om riving ligg til handsaming hos NVE
Bilde av prosjektlederen:
Prosjektinfo:
30.05.2024 gjorde kommunestyret vedtak om å riva demninga ved Lønningsåsen dam i Leirvik, på folkemunne kjent som «Vannverket». Det er sendt søknad om fjerning av demninga til NVE, og det er vanskeleg å seia noko om oppstart og ferdigstilling før me har fått svar på denne søknaden. Sweco A/S står for prosjekteringa i prosjektet.
«Vannverket» i Lønningsåsen stod ferdig hausten 1913, som eit svar på den raske veksten og fortettinga i Leirvik sentrum. Allereie i 1911 kom det krav om ei felles vassforsyning, då dei gamle brønnane mellom husa vart rekna som helsemessig utrygge og ein såg behov for eit vassverk.