Prosjektperiode: August 2026 – desember 2028
bilde av prosjektlederen:
Del 1: Grunnavågen – Valvatnavågen
Del 2: Valvatnavågen – Skjersholmane
Prosjektinfo:
Stord kommune har fått krav om å føra det ureinsa avløpet frå Sagvåg mot eit framtidig sekundærreinseanlegg på Skjersholmane. Dette prosjektet er delt i to grunna storleiken.
Del 1: Grunnavågen – Valvatnavågen:
I Grunnavågen skal Stord Vatn og Avløp henta eksisterande pumpeleidningar og få dei over og ned til Sætrevik. I Sætrevik blir det ein eller to nye pumpestasjonar, som skal handtera avløpsvatnet frå Sætrevik-området og det som kjem frå Grunnavågen. Det eksisterande VA-nettet i Sætrevik blir òg rehabilitert når me først jobbar i området. Frå Sætrevik skal avløpsvatnet pumpast bort til Valvatnavågen, der del 2 av prosjektet byrjar. Det er enno ikkje bestemt om avløpsvatnet frå Sætrevik skal pumpast vidare til Valvatnavågen via sjøvegen eller over land.
Del 2: Valvatnavågen – Skjersholmane:
Frå Valvatnavågen vil det bli lagt ny pumpeleidning over Digernes-halvøya og fram til Grindavikjo, der skal etablerast ein ny pumpestasjon. Denne skal pumpa avløpsvatnet til nytt reinseanlegg på Skjersholmane, anten sjøvegen eller over land via E39.