Søknad om løyve til nedlegging av dam Lønningsåsen i Stord kommune

NVE har motteke søknad frå Stord kommune om løyve til å fjerne dam Lønningsåsen i Leirvik.
Søknaden med vedlegg er lagt ut på NVE sine internettsider www.nve.no/9677/V.

Alternativet til nedlegging er at ein ny eigar overtar anlegget, jf. vassressurslova § 42. Dersom
nokon ønskjer å ta over vassdragsanlegget for at dam Lønningsåsen skal bli ståande, ber vi dykk
kontakte NVE innan 27.8.2025.

Alle som har ei meining om saka kan uttale seg. Høyringsuttale kan sendast oss elektronisk via
nettsida, per e-post til nve@nve.no eller per post til NVE, Energi- og konsesjonsavdeling, Postboks
5091 Majorstua, 0301 Oslo. Merk brev eller e-post med «Høyringsuttale 202410646».
Frist for å sende uttale er 27.08.2025.