Sist oppdatert: 26. juni 2025
På stordva.no me personvernet ditt på alvor. Denne personvernerklæringa forklarar kva personopplysningar me samlar inn, kvifor me gjer det, og korleis me tek vare på rettane dine.
Behandlingsansvarleg for personopplysningane er
Stord Vatn og Avløp AS
Org.nr: 934 602 900
Besøksadresse: Rundehaugen 45
Postadresse: Postboks 1263 Heiane, 5406 Stord
E-post: post@stordva.no
Telefon: +47 916 95 330 (Sverre Brufladt)
Nettside: stordva.no
Personvern ved bruk av elektroniske skjema
Stord Vatn og Avløp AS følgjer gjeldande lovar og reglar ved innsamling av personopplysninger via elektroniske skjema. Dette skjemaet vert sendt til oss på e-post då det ikkje inneheld sensitive opplysningar. Stord VA ber kun om opplysningar som er naudsame for å handsama førespurnaden.
Du kan lesa meir om personvern i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysningsloven).
Når du brukar nettsida vår eller tek kontakt med oss, kan me samle inn følgjande opplysningar:
- Namn og kontaktinformasjon (t.d. e-postadresse, telefonnummer)
- Opplysningar du sjølv sender inn via skjema eller e-post
- Tekniske data som IP-adresse, nettlesar, språkinnstillingar, tidspunkt for besøk og liknande (via informasjonskapslar)
Kva brukar me opplysningane til?
Me brukar personopplysningar for å:
- Svara på førespurnader og følgja opp kontakt
- Driva, vedlikehalda og forbetra nettsida vår
- Oppfylla rettslege forpliktingar
- Senda ut informasjon du har bedt om, dersom du har gitt samtykke
Bruk av Umami Analytics
Me brukar Umami Analytics for å samla inn anonym statistikk om korleis nettsida vår vert brukt. Umami brukar ikkje informasjonskapslar (cookies) og samlar ikkje inn personidentifiserande opplysningar.
Opplysningane som vert samla inn, inkluderer:
- Sidevisingar
- Refererande nettsider (kvar besøkande kjem frå)
- Nettlesartype og eining (mobil/PC)
- Tidspunkt for besøk og varigheit
All datainnsamling skjer anonymt og vert berre brukt for å forstå bruksmønster og forbetra nettsida. Informasjonen vert ikkje delt med tredjepartar.
Informasjonskapslar (cookies)
Nettsida vår brukar i utgangspunktet ikkje informasjonskapslar som samlar inn personopplysningar. Eventuell bruk av cookies vil vere open og tydeleg, og du kan sjølv styra dette via nettlesaren din.
Dine rettar
Du har rett til å:
- Få innsyn i kva opplysningar me har om deg
- Krevja retting eller sletting av opplysningar
- Trekka tilbake eit samtykke du har gitt
- Protestera mot eller be om avgrensing av behandling
- Klaga til Datatilsynet dersom du meiner me handsamar opplysningane dine i strid med regelverket
Deling av opplysningar
Me deler ikkje personopplysningar med andre utan at det er naudsynt for å levera ei teneste du har bedt om, eller me er lovpålagde å gjera det. Alle tenesteleverandørar me nyttar, er forplikta til å handsama personopplysningar i tråd med gjeldande regelverk.
Sikring av opplysningar
Me tek informasjonstryggleik på alvor og har etablert tekniske og organisatoriske tiltak for å verna personopplysningane mot uautorisert tilgang, endring eller sletting.
Endringar i erklæringa
Me kan oppdatera denne personvernerklæringa ved behov. Den til ei kvar tid gjeldande versjonen vil vere tilgjengeleg på stordva.no.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om personvern eller ønskjer å nytta deg av rettane dine? Ta kontakt med oss:
E-post: post@stordva.no
Telefon: +47 916 95 330 (Sverre Brufladt)
Postadresse: Postboks 1263 Heiane, 5406 Stord