Stord Vatn og Avløp AS var nyleg til stades på Vanndagane på Vestlandet, som i år vart arrangert på Quality Maritim i Haugesund. Arrangementet er eit årleg samlingspunkt for alle som jobbar innanfor VA-bransjen i regionen. Der ein kan utveksla erfaringar og besøke alle dei ulike leverandørutstillarar.
Blant tema som vart løfta fram var den nye VA-standarden «Vannstandard», som på sikt skal erstatte dagens VA-norm og VA/Miljø-blad. Det vart òg gitt ei grundig gjennomgang av den nye drikkevassforskrifta, som stiller skjerpa krav til mellom anna reservevassforsyning og sikring av digital infrastruktur.

Deltakarane fekk høyre erfaringar frå andre kommunar om lekkasjesøk, handtering av ekstremvêr og praktisk beredskapsarbeid. Eit av høgdepunkta for mange var foredraget til vår eigen leiar Sverre Brufladt, som delte innsikt om overgangen til aksjeselskap – kva som har blitt betre, og kva som kan forbetrast. Innlegget skapte stort engasjement i salen.
I tillegg til foredraga var fleire leverandørar til stades og presenterte både nye og kjende produkt for bransjen.