Unngå tette røyr i jula

Jula er ei høgtid for god og feit mat. Men, hugs at utslepp av feitt i avløpsvatnet kan skapa problem og tette avløpsrøyr i huset ditt.
Dersom feittet stivnar i avløpsrøyret i huset kan du få ei ubehageleg juleoverrasking. For å unngå tette avløpsrøyr i huset ditt til jul, skal du ikkje tøma ribbefeittet i vasken/avløpet.

Kan lese meir om korleis ein kvitte seg med feittet her

​Slik unngår du at avløpet går tett

For å unngå at avløpsnettet går tett slik at kloakkvatn strøymer inn i huset, kan du følgja desse råda for handsaming av «kokevatnet» etter julemiddagen:

  1. La gryta stå til vatnet er kaldt og feittet har stivna.
  2. Skrap ut feittet – dette kan nyttast til seinare bruk. Ribbefeittet er ein smakshevar for blant anna både ertesuppe og komler.
  3. Fjern det resterande feittet i gryta med tørekepapir og kast det i bosset.
  4. Vask gryta i varmt såpevatn.

Takk for hjelpa!

Stord Vatn og Avløp AS

Unngå tette røyr i jula