Sidan 2026 er Totalforsvarsåret, og i lys av Verdens vanndag og ønsket om å setja større fokus på eigenberedskap, vil Stord Vatn og Avløp AS dela ut tomme 5 literskanner til innbyggjarane. Ei slik kanne kan brukast til å fylle og lagra drikkevatn heime, og vil vere eit konkret og enkelt tiltak for å styrka eigenberedskapen i kvar hushaldning.
Totalforsvarsåret 2026
Regjeringa har beslutta at 2026 skal vere Totalforsvarsåret. Gjennom året skal DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) og Forsvaret saman planleggje og gjennomføre ei rekke tverrsektorielle aktivitetar. Totalforsvaret er eit omgrep som viser til gjensidig støtte og samarbeid mellom forsvarssektoren og det sivile samfunnet – i heile spekteret av hendingar, anten det er i fred, krise eller krig.
Totalforsvaret handlar med andre ord om å nytte våre samla militære og sivile ressursar for å ivareta nasjonal tryggleik. Ein viktig del av dette er at innbyggjarane sjølve er førebudde dersom ein krisesituasjon skulle oppstå. Eit styrka fokus på eigenberedskap i kvar enkelt hushaldning er difor ein sentral del av arbeidet med å gjere Noreg meir robust – både i fredstid, ved kriser og i meir alvorlege hendingar.
Verdas vassdag 22. mars 2026
FNs berekraftsmål nummer 6 forpliktar alle land til å sikre tilgang til reint drikkevatn for alle innan 2030. Verdas vassdag blir markert kvart år for å setja søkelys på kor avgjerande vatn er i liva våre, og for å auka kunnskapen om global tilgang til trygt vatn. Markeringa minner oss om at vatn er ein grunnleggjande ressurs – både i kvardagen og i beredskapssamanheng.
Eigenberedskap:
DSB har utarbeidd ei eiga sjekkliste og brosjyre for eigenberedskap. Dersom ein plutseleg skulle stå utan tilgang til vatn, er det viktig å vere førebudd. DSB anbefaler at kvar person har 20 liter drikkevatn lagra heime. Dette dekkjer minimumsbehovet for ei veke dersom det skulle oppstå ei hending som gjer at vatnet i springen ikkje kan brukast.
Eigenberedskap styrkjer robustheita i hushaldninga, slik at ein kan klare seg sjølv i ei kortare periode ved kriser eller avbrot, og samtidig bidra til å avlaste dei offentlege tenestene når presset er størst.
Utlevering av vasskanner:
Stord Vatn og Avløp AS vil gje deg starten på di eigenberedskap ved å dela ut tomme 5 literskanner til lagring av drikkevatn. Utdelinga skjer laurdag 21. mars, dagen før Verdas vassdag 22. mars 2026.
Tid: Laurdag 21. mars frå kl.10.00–14.00
Stad:
Thon senter
Heiane Storsenter