Rindane VA-anlegg

I samband med oppgradering av vatn, avløp og veg (VVA) frå Rindane til Jensanesvegen og Skifteslono er arbeidet no starta opp att etter at konkurs ramma prosjektet.

Engelsen Anlegg AS er innstilt som entreprenør for ferdigstilling av prosjektet, og har starta opp arbeidet på anlegget.

Det vil bli sendt særskilde varsel ved stenging av vatn og veg, samt ved arbeid på private eigedomar.

Stenging fortau Jensanesvegen

I samband med Rindane VA-prosjekt vert fortau langs Jensanesvegen stengt frå måndag 23.11.2026 til utgangen mars 2027. Gåande bes følgje skilta rute via Skifteslono til Fitjarvegen.
Det vil vera tilkomst til private eigedommar langs Jensanevegen.

Oppdatert informasjon vert lagt ut fortløpande ved endringar.

Prosjektet startar med ferdigstilling av påbegynt arbeid i Rindane og Jensanesvegen/Skifteslono, før arbeidet gradvis blir ført vidare mot Utslettevegen/Fitjarvegen.

Prosjektet er planlagt ferdigstilt i løpet av siste halvdel av 2028.

Me ber publikum følgje skilting og trafikkregulering undervegs i anleggsperioden.

Kontakt

Ørjan Østerhus

Prosjektleiar

+47 954 52 012

Rindane VA-anlegg