Utlevering av gratis vasskanner

For å vere førebudd på ei eventuell krise, vert det tilrådd å ha minst 20 liter drikkevatn per person lagra heime. Vatn kan oppbevarast i kanner eller flasker og fyllast frå springen, eller kjøpast på butikken.

I samband med Eigenberedskapsveka deler Stord Vatn og Avløp AS ut gratis tomme 5-literskanner til lagring av drikkevatn.

📅 Tid: Laurdag 31. oktober kl. 10.00–15.00
📍 Stad: Garasjeanlegget heilt i enden ved Europris, Rundehaugen 44, Heiane

Rundehaugen 44

Slik lagrar du drikkevatn

  • Vask flaskene eller kannene med såpe og vatn, og skyll dei godt. Tilset deretter to korkar hushaldningsklorin per 10 liter vatn. La det stå i minst 30 minutt før du skyllar godt.
  • Etter reingjeringa fyller du flaskene eller kannene heilt fulle med vatn frå springen. La vatnet renne til det er kaldt, slik at du lagrar «ferskt» vatn. Varmt vatn blir ikkje tilrådd som drikkevatn, då det kan frigjere metall frå røyrsystemet.
  • Vatn bør lagrast på ein mørk og kjøleg stad utan direkte sollys, i rom der ein ikkje oppbevarer bensin, plantevernmiddel eller andre liknande stoff.

Dersom vatnet er tappa på godt reingjorde behaldarar og held god kvalitet, kan det lagrast i årevis. Over tid vil stoff frå plastbehaldarar lekke ut i vatnet. Det kan påverke smaken, men vatnet er ikkje farleg å drikke.

Lagring av vann – 7 enkle huskeregler! – Beredskapslager

Egenberedskap

Utlevering av gratis vasskanner