– Målet med nettsida er å gjera det enklare for deg som innbyggar, utbyggar eller samarbeidspartnar å finna informasjonen du treng, når du treng det, seier dagleg leiar Sverre Brufladt.
Publiseringa i dag er berre starten. Nettsida er ein informasjonskanal som skal utviklast i takt med behova, og Stord VA vil supplera med meir informasjon frametter.
Ta ein kikk rundt – og hugs å tipsa oss dersom du ikkje finn informasjonen du er på jakt etter. Ta då kontakt på post@stordva.no.
Takk for besøket!