Vassmålar

Med vassmålar betaler du for det faktiske bruket ditt av vatn og avløp. Her får du vite korleis du får deg vassmålar, korleis lese av og prisar.

Kven skal ha vassmålar?

Næringseigedomar og eigedomar med offentlege bygg skal ha vassmålar, jf. forskrift om vatn og avløp § 3-5

For eigedomar med bustadar er det ikkje sett krav om vassmålar, men ein kan velje å montera vassmålar.

Slik skaffar du deg vassmålar

Du må kontakta røyrleggar. Røyrleggaren monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen. Abonnentar som har vassmålar eig sjølv vassmålaren, og kostar sjølv installasjon, drift og utskifting av denne.

Lese av vassmålar

Alle vassmålararskal lesast av to gongar årleg, innan medio juni og medio desember. Målarstand skal rapporterast på svar-SMS eller på målarkort etter avtale.

Slik gjer du det:

Send inn din målarstand (kun tal). Når du les av standen, ikkje ta med raude tal, eller tal bak komma.

Lovar og reglement

For regelverk om gebyr og vassmålar, sjå «Forskrift om vass- og avløpsgebyr» – kapittel 4.

I Stord kommune sitt sanitærreglement, sjå «Vassmålar» side 10. Les meir om sanitærmelding her.