Gebyr, betaling og abonnement

Stord VA er eit kommunalt føretak som driv etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at gebyra du betalar skal dekka dei faktiske kostnadene ved vatn- og avløpstenestene – verken meir eller mindre.

Korleis vert gebyra fastsette?

Stord VA utarbeider årlege forslag til gebyr basert på drifts- og vedlikehaldskostnader, samt planlagde investeringar. Desse forslaga blir send til Stord kommunestyre, som vedtek det endelege nivået på gebyra. Eventuelle overskot eller underskot skal handterast i tråd med reglane for sjølvkost.

Kva skal eg betala?

Faktura for vatn- og avløpstenester blir sendt ut ein gong i månaden – totalt tolv gongar i året. Du kan få faktura i posten, eller du kan velja eFaktura og/eller Avtalegiro.

Utarbeiding av gebyrgrunnlag og utsending av faktura

Det er Stord VA som utarbeidar fakturaunderlaget, mens Stord kommune sender ut faktura.

Forskrift om vass-og avløpsgebyr, Stord kommune, Gjeldande frå 01.01.2023

VA-forskrift med kommentarar og rettleiingstekst

Betalingssatsar for kommunale gebyr 2025 – Betalingssatsar-Stord-kommune-2025.pdf