Stord Vatn og Avløp AS starta våren 2025 rulleringa av gjeldande kommunedelplanar for vassforsyning og for avløp og vassmiljø. Gjeldande kommunedelplanar vart vedtekene i 2015. Norconsult AS i Bergen er hyrt inn som rådgjevar for ruleringsarbeidet. Det er oppretta prosjektgruppe med medlemmer frå arealforvaltninga, planavdelinga og kommunelegen i Stord kommune, i tillegg til representantar frå organisasjonen til Stord Vatn og Avløp AS. Rulleringa er planlagt ferdig ved årsskiftet 2025/26 og skal deretter ut på offentleg høyring. Planprogrammet har alt vore på offentleg høyring.
Kommunedelplanane for vatn og for avløp og vassmiljø, er det overorna styrande dokumenta for VA-tenesta i Stord kommune. Dokumenta set mellom anna mål for VA-tenesta og prioriterer dei investeringar som skal utførast innan VA-feltet.