Det tettar røyrene – både dine eigne og alle dei som fører kloakk til reinseanlegga. Feitt og matrestar er også med å halda liv i rotter.
Slik skal du kasta matfeittet
Feitt frå jularibba, pinnakjøt, smultgryta og liknande lar du stå til det er avkjølt og stivna. Så kan du skrapa det ut og kasta det saman med matavfallet. Bruk gjerne tørkepapir for å få med alt feittet ut av gryter og panner, før du vaskar dei i oppvaskkum eller oppvaskmaskin. Tørkepapiret med feitt kastar du i matavfallet (eller restavfallet).
Matavfallet bør leggjast i ein biologisk nedbrytbar pose (desse vert seld både hjå SIM og i daglegvarebutikkar).
Vask dunken godt mellom kvar tømming. Legg eggekartongar eller avispapir på kvistar i botnen av biodunken. Om sommaren kan det løne seg å fryse restar av skaldyr fram til tømmedag, evt. pakke det godt inn i posar.
Feitt som ikkje stivnar
Om du har nokre få desiliter, heller du dette på ei flaske og kastar i restavfallet.
Om du har større mengder, heller du det på ein lukka behaldar (originalemballasjen eller ei plastflaske), og leverer det til næraste gjenvinningsstasjon.
Bruk feittet på nytt
Bruk feittet som smakstilsetning i for eksempel supper, saus, lapskaus og potetstappe. Hell det over i tom glasemballasje og la det stivne i kjøleskapet, eller frys ned det i ei isbitform.
Siste rest i oljeflaska eller oljerestar frå fetaostglas kan du bruka som dressing i pastasalat eller hella over grønsaker du skal steika i omnen.
Feitt i avlaupsrøra skapar problem
Flytande og størkna feitt som hamnar i vasken, set seg i røyra. Då vert avløpsrøyra tette, både dine eigne og kommunen sine. Det hjelper ikkje at du heller på med varmt vatn og såpe.
Feitt i avløpsleidningane og -pumpene set seg godt fast og kan ofta ikkje spylast vekk. Det gir mannskapa til Stord VA ekstra arbeid og unødig helserisiko. Mens dei fjernar feittet manuelt, må avløpspumper stoppast og kloakkvantet går ureinsa til sjøen så lenge arbeidet pågår.
Kostnaden for ekstraarbeidet ligg i avlaupsgebyret du betalar.
Rottene elskar feitt
Heller du feitt i vask og do, driv du oppdrett av rotter. Desse skadedyra elskar matfeittet som set seg på veggane i avlaupsrøra. Eitt rottepar kan i løpet av eitt år vera opphav til tusen nye rotter.
Derfor: Bruk tørkepapir for å få alt feittet ut av gryter, panner og tallerkar før du vaskar dei.
- Fettvett.no – Fettet tetter rørene
- Brukopp-leksikon – Matvett
- Matavfall | Sortere