På regulerte elvar og vatn kjem det alltid til å vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsopningar.
Ferdsel på regulerte vatn skjer alltid på eige ansvar. Ber alle om å vere merksame!
Vaulane og Tysevatnet
Desse drikkevasskjeldene er regulerte, og isen kan difor vere utrygg. Vatnet vil bli tappa utan forvarsel. Det blir med dette åtvara mot all ferdsel på isen, særleg i nærleiken av inn- og utløpa.

Isvarsling
NVE har publisert ei ismelding på nettsidene sine. Meldinga gjeld ferdsel for personar på islagde vatn og byggjer på målingar frå eitt avgrensa målepunkt. Informasjonen er generalisert og dekkjer større område. Det kan likevel finnast lokale variasjonar som ikkje kjem fram i ismeldinga.
Det vil innan kort tid bli sett opp fysiske fareskilt som informerer om utrygg is på grunn av regulert vassstand.