⚠️Åtvaring om utrygg is⚠️

På regulerte elvar og vatn kjem det alltid til å vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsopningar.

Ferdsel på regulerte vatn skjer alltid på eige ansvar. Ber alle om å vere merksame!

Brot i isflata etter nedtapping

Isvarsling

NVE har publisert ei ismelding på nettsidene sine. Meldinga gjeld ferdsel for personar på islagde vatn og byggjer på målingar frå eitt avgrensa målepunkt. Informasjonen er generalisert og dekkjer større område. Det kan likevel finnast lokale variasjonar som ikkje kjem fram i ismeldinga.

Det vil innan kort tid bli sett opp fysiske fareskilt som informerer om utrygg is på grunn av regulert vassstand.

Se varsom.no/is/isvarsling

Les meir om ferdsel på is på NVEs isskole

⚠️Åtvaring om utrygg is⚠️