Dovett-reglar hjelper deg å hugse kva du ikkje skal kaste i do. Toalettet er ikkje ein søppeldunk.
Hovudregel: Berre tre ting skal i do – bæsj, tiss og dopapir.
Dette skal ikke kastes i do
- Q-tips – Desse løyser seg ikkje opp i vatn og set seg fast i røyra, eller endar i sjøen.
- Våtserviettar – Det finst ingen våtserviettar som skal spylast ned i toalettet, sjølv om nokre produsentar påstår det. Testar viser at til dømes reingjeringsserviettar for toalett løyser seg opp svært sakte, og du kan risikere å tette røyra dine. Alle typar våtserviettar skal i søppelbøtta – utan unntak!
- Bind, tampongar og kondomar – Skal alltid kastast i søppelbøtta.
- Brukte bomullpads og sminkefjerningsserviettar – Må ikkje kastast i toalettet. Skaff deg ei lita søppelbøtte på badet, slik at du kan kaste alle småting der.
- Legemiddelrestar – Leverast på apoteket.
- Stivna fett – Skal i søppelbøtta eller saman med matavfallet.
- Alt som ikkje skal i do – Må kastast i restavfallet.
Ikkje kast boss i do | Stord Vatn og Avløp AS
Kva er Feittvett?
Feittvett-reglar hjelper deg å hugse kva du ikkje skal kaste i vasken.
Ikkje kast matfeittet ditt i vasken eller i do – det tettar røra, både dine eigne og alle dei som fører kloakk til reinseanlegga.
Feitt og andre matrestar er òg med på å halde liv i alle rottene.
For meir informasjon om feittvett, sjå følgjande nettside:
Fettvett.no – Fettet tetter rørene