Eigenberedskapsveka: Vatn i beredskap

Eigenberedskapsveka: Vatn i beredskap

For ei vekes beredskap blir det tilrådd å ha 20 liter drikkevatn per person. Du kan fylle vatn frå springen på kanner eller flasker, eller du kan kjøpe vatn i butikken.

Slik lagrar du drikkevatn

  • Vask flaskene eller kannene med såpe og vatn, og skyll dei godt. Tilset deretter to korkar hushaldningsklorin per 10 liter vatn. La det stå i minst 30 minutt før du skyllar godt.
  • Etter reingjeringa fyller du flaskene eller kannene heilt fulle med vatn frå springen. La vatnet renne til det er kaldt, slik at du lagrar «ferskt» vatn. Varmt vatn blir ikkje tilrådd som drikkevatn, då det kan frigjere metall frå røyrsystemet.
  • Vatn bør lagrast på ein mørk og kjøleg stad utan direkte sollys, i rom der ein ikkje oppbevarer bensin, plantevernmiddel eller andre liknande stoff.

Dersom vatnet er tappa på godt reingjorde behaldarar og held god kvalitet, kan det lagrast i årevis. Over tid vil stoff frå plastbehaldarar lekke ut i vatnet. Det kan påverke smaken, men vatnet er ikkje farleg å drikke.

Lagring av vann – 7 enkle huskeregler! – Beredskapslager

Egenberedskap

Eigenberedskapsveka: Vatn i beredskap