Ny profil på hjul

Tenestebilane til Stord Vatn og Avløp AS kjem no ut på vegane i ny drakt.

Med vår nye logo og grafiske profil får køyretøya eit tydeleg uttrykk – i tråd med den visuelle identiteten til selskapet. Målet med uniformeringa er å synleggjera kven me er og kva me står for, både når me er på jobb ute i felt og når me ferdast i lokalmiljøet.

Så neste gong du ser ein av våre bilar i trafikken: Då veit du kven som er ute og jobbar for reint vatn og trygt avløp på Stord.

Ny profil på hjul