Det har dei siste åra vore mykje driftsproblem tilknytt UV-anlegget. Tilgang på reservedeler vart vanskjelegare å få tak i og reservedelskostnadene var høge. Multiconsult på Stord og i Oslo hjalp til med å kartlegge marknaden. Det vart laga ein realistisk budsjettpris og halde konkurranse.
Hovudformål er å fornye eit aldrande UV-anlegg på Lundseter vasshandsamingstasjon.
Prosjektet vart tildelt ei totalramme på 6 millionar kroner.
Sterner AS, vann konkurransen om å levere nytt UV-anlegg.
Prosjektet starta sumaren 2023 og skulle stått ferdig hausten 2024. Pga. prosjektsituasjon på Vaulane, vart ein nøydd til å utsette gjennomføringa til februar 2025. Prosjektet vert avslutta siste kvartal 2025.
«Straumforbruket samanlikna mot førre UV-anlegg, er redusert med 61-82% (avhengig av råvasskvalitet).»
Anleggsdata:
- 3 stk. – UltraAqua MR8-350SSV
- Maksimal kapasitet per reaktor: 260 Liter/sekund (avhengig av råvasskvalitet)
- Maksimal effekt per reaktor: 3000 Watt
- Lamper per reaktor: 8 stk
- Dimbare lamper: Ja, 50 – 100 % (Kan dimmast 100% av tida)
- Levetid lamper: 16000 timar
- Levetid anlegg: 20-25 år

Kontakt
Rolf Skår
Prosjektleiar
+47 95 07 71 71
rsk@stordva.no