Om oss

Stord Vatn og Avløp AS (Stord VA) er Stord kommune sitt selskap for drift og utvikling av den kommunale vassforsyninga og avløpsanlegga. Det er me som sikrar at innbyggjarane har tilgang til reint drikkevatn og eit velfungerande avløpssystem – eit arbeid som er avgjerande både for folkehelsa, tryggleiken og miljøet i kommunen.

Målet vårt er å levera trygge, stabile og miljøvenlege tenester kvar einaste dag og natt, heile året igjennom. I tillegg er det me som sørger for eit berekraftig vass- og avløpssystem for framtida. Dette er eit utfordrande, omfattande og langsiktig arbeid, der me planlegg for dei neste 40 åra – og der me dei komande åra skal gjennomføra store utbyggingar.

Stord VA har stort fokus på å etablere nytt reinseanlegg for avløp i samsvar med forureiningforskrifta og krav frå Statsforvaltaren i Vestland. Me skal renovera eksisterande og byggja nytt leidningsnett med nye avløpspumpestasjonar.

Stord VA har 32 tilsette, og desse kan delast i tre kategoriar: Drift, prosjekt og administrasjon.