Prosjektperiode: Sommaren 2025 – 2028.
bilde av prosjektlederen:
Prosjekt info:
Sommaren 2025 startar SWECO prosjektering av ein ny avløpspumpestasjon i Falteinsvik på Vikanes, med tilliggjande leidningsnett. Det nye anlegget skal ta imot avløpsvatn frå Dyvik gjennom ein sjøleidning, i tillegg til avløp frå nærliggande busetnad i Vikanes-området.
Det skal først byggast ny veg ned til Falteinsvik, før pumpestasjonen med tilhøyrande kummar blir bygd. I drift skal stasjonen pumpa avløpsvatnet i nye røyr opp i Vikanesvegen. VA-prosjektet går vidare opp til snuplassen på Vikanes / Bjørnvik Kai. Avløpet følgjer så den kommunale Vikanesvegen til rundkøyringa. Derfrå går VA-prosjektet over i fylkesveg 70. Her jobbar Stord Vatn og Avløp med eit samarbeidsprosjekt med Vestland fylkeskommune, der VA-leidningane skal fornyast vidare søraustover langs fylkesvegen/Vikanesvegen, inn i Bogdehaugen og ned mot Kappelen avløpspumpestasjon.
Målet er å få på plass ein avtale med fylkeskommunen før ferien 2025, og at heile VA-prosjektet knytt til Falteinsvik avløpspumpestasjon er ferdig utbygd i 2028.