Prosjektperiode: September 2024 – juni 2027
bilde av prosjektlederen:
Øklandslio pumpestasjon skal fjernast og erstattast med borehol.
Den nye avløpspumpestasjonen på Knosterneset får form etter «Stord-modellen». (Ill.: Xylem)
Prosjektinfo:
Stord kommune har fått krav om å føra det ureinsa avløpsvatnet frå Strongalio/Knosterneset til ein ny pumpestasjon i Sævarhagen via ei ny sjøleidning. Prosjektet inkluderer etablering av ein ny pumpestasjon på Knosterneset, oppgradering av eksisterande VA-anlegg (vassforsyning, overvatn og spillvatn) på strekninga, og avvikling av Øklandslio avløpspumpestasjon. Denne skal erstattast med eit borehol, som blir kopla til den nye pumpestasjonen på Knosterneset.
Det skal òg gjennomførast kartlegging av avløpsnettet i området, ved bruk av kamerakøyring og mengdemålingar. Dette blir gjort for å få kontroll på tilstanden til røyra og for å få oversikt over kor store mengder avløpsvatn og framandvatn som går i dei. Sanering av eksisterande avløpsnett i området blir gjort for å fjerna mest mogleg framandvatn frå spillvassnettet på Rommetveit, Klingenbergvegen og Knappane.