Prosjektperiode: Juni 2025 til desember 2027
bilde av prosjektlederen:
Prosjektinfo:
Stord Vatn og Avløp skal gjennomføra omfattande sanerings- og oppgraderingsarbeid på det kommunale vass- og avløpsanlegget (VA) og kabelanlegg i og rundt bustadfeltet Rindane i Sagvåg. I tillegg skal det gjennomførast trafikksikringstiltak for Stord kommune.I forbindelse med Rindane VA prosjekt vert fortau langs Jensanesvegen stengt frå 08.09.2025 og fram til Januar 202
Stenging av fortau Jensanesvegen
I forbindelse med Rindane VA prosjekt vert fortau langs Jensanesvegen stengt frå måndag 08.09.2025 og fram til Januar 2026.
Oppmodar gåande til å følge skilta rute via Skifteslono og Fitjarvegen.
Det blir tilkomst til private eigedommar langs Jensanesvegen.
Oppdatert informasjon vert lagt ut ved endringar.

Kart over stenging av fortau
Prosjektet omfattar legging av nye hovudleidningar for vatn og avløp, samt reetablering av eksisterande private stikkleidningar som er tilknytt det kommunale nettet fram til eigedomsgrensa.
I tillegg skal det byggjast eit nytt veglysanlegg ved bustadfeltet Rindane, og det skal etablerast to intensivbelyste gangfelt i Utslettevegen for å betre trafikktryggleiken.
Det eksisterande fortauet i Utslettevegen skal oppgraderast til kommunal standard med ei breidde på 2,5 meter, og Utslettevegen vert utvida med om lag 0,5 meter mot sør.
Stord Vatn og Avløp startar med førebuande anleggsarbeid i Rindane veke 31/32. Vegen vil bli stengt i lengre periodar frå veke 33, ved Rindane 23, mot Rindane 28. Det er alternativ parkeringsareal ved riggområdet langs Utslettevegen, ved gangsti mellom Rindane og Utslettevegen. Entreprenør startar og prøvegraving i veke 31/32 ved Fitjarvegen 39.

Kontaktinformasjon i prosjektet
Byggeleder Arne Korsvik
E-post: ak@novaform.no
Mobil: 902 13 979
Entreprenør B&G Vest AS
Kåre Magnar Hestenes
E-post: kmh@bgvest.no
Mobil: 905 17 119