Det er fleire grunnar til at fornying og oppgradering av leidningsnettet er viktig:
- Gamle leidningar aukar risikoen for lekkasjar og forureining. Konsekvensen kan vera at ureina vatn kjem inn i drikkevassforsyninga, eller at kloakk lek ut i naturen.
- Dårleg kapasitet. Eldre anlegg er ikkje dimensjonerte for dagens behov, noko som kan føra til overbelastning og overfløyming i bustader og andre bygg.
- Meir nedbør og strengare miljøkrav legg ytterlegare press på avløpssystema.
- Aukande vedlikehaldskostnader. Gamle leidningar krev meir vedlikehald og gir oftare driftsproblem, då dei genererer fleire vasslekkasjar og unødvendig driftsstopp i vassforsyninga.
- Nye krav frå styresmaktene. For å oppfylla skjerpa krav til miljø og helse, forankra i godkjende kommunedelplanar for vatn og avløp og nye EU direktiv – som til dømes sekundærreinsekrav for avløpet i Stord kommune – må leidningsnettet oppgraderast.
Fornyingstakten i Noreg
- I 2022 blei 0,63 % av det kommunale avløpsnettet fornya.
- For vassleidningsnettet er fornyingstakta også for låg, og det er anslått at omtrent 30 til 40% av drikkevatnet går tapt i lekkasjar før det når ut til forbrukarane.
Kva skjer om ein ikkje fornyar anlegga?
Dersom ein ikkje gjennomfører nødvendig rehabilitering, kan det få alvorlege konsekvensar:
- Auka fare for forureina drikkevatn og helseskadar.
- Overfløyming og skadar på eigedom og infrastruktur.
- Brot på lovpålagde krav og miljømål.
- Dårlegare tenestekvalitet for innbyggjarane.
- Fleire driftsstopp i vassforsyninga.