Vassproduksjon

Vassproduksjon handlar om å sikra reint, trygt og nok drikkevatn til alle som bur og jobbar i Stord kommune – frå fjellvatn til spring.

Drikkevatnet vårt kjem frå hovudvasskjeldene Aravatnet, Tysevatnet og Vaulane i Stordafjellet. Vatnet vert reinsa på Lundsæter vasshandsamingsstasjon for å bli trygt å drikka for våre kring 19000 kundar i kommunen.

På vegen frå vasskjelda til vasshandsamingsstasjonen, produserer vatnet straum via SKL sin turbin i Lundsæter kraftverk.

I reinseprosessen vert det nytta Dynasandfilter, korrosjonskontroll, pH-justering og UV-bestråling for å vera sikker på at vatnet er heilt reint. Det skitne vatnet frå reinseprosessen, går i eiga tett røyr fram til mikrokraftverket vårt i Fuglevikjo, som kan produsera straum tilsvarande årsforbruket til 25 hustandar. Deretter renn dette vatnet ut i Langenuen.

Ravatnet reservevasskjelde kan gje vatn ved utfall av hovudvaskjelda, men då berre til kring 85% av kundane og med ein vasskvalitet som krev koking for å kunna drikkast. Innan 2030 er planen at reservevasskjelda skal oppgraderast med nye røyr og reinseanlegg, slik at ein slepp koking ved bruk av dette vatnet.

Søk i våre prosjekt
  • Laster prosjekter...