Drikkevatn

Stord Vatn og Avløp AS leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Innbyggjarar vert varsla på sms, gjennom annonsar i pressa og her på nettsida.

Kommunen kan gje restriksjonar på bruk av vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare.

Samarbeidspartnarar

Mattilsynet er statleg mynde på drikkevassområdet og fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i drikkevassforskrifta.

Til Mattilsynet si heimeside

PH-verdi

PH-verdien er eit mål for surleiksgraden i ei væske. Ved normal drift ligg pH-en i drikkevatnet på mellom 8,3 og 8,6

Han kan i korte periodar i løpet av året ligga på 6,5 til 6,8 (vedlikehald/servicearbeid)

I drikkevassforskrifta står det at pH-verdien skal vera mellom 6,5 og 9,5.

Hardheit vatn

I Noreg vert «Tyske hardheitsgrader», òg kjend som «deutche Härte», nytta for å syne om vatn er hardt eller blautt. Tyske hardheitsgrader har eininga °dH og vert rekna ut utifrå mengda kalsium og magnesium i ei gitt mengde vatn.

Stord kommune ligg på ca : 12 mgCa/L og ca 2*dH.

Tabellen under syner hardheitsklasse etter Tyske hardheitsgrader / °dH.